1.juli 2016

Veske laga utan mønster. Fekk eit ferdig vattert stoff og måtte bruke det slik det var.

Så størrelsen er etter stoffstykket og veska er lik på begge sider.

Eg har brukt immitert skinn i botn og rundt kanten oppe.

Bomullstoff som fòr, med innerlomme med glidelås.

Hanker kjøpt på Fantasi.

Er veldig fornøgd med denne og brukar den mykje.

Det enkle er ofte det beste:)

Veskekorg etter mønster, Ryum Qulit.

Den eine er sydd i møbelstoff, pynta med blonder , strykebilde og ein

applikert sommarfugl, kjøpt på Stoff og Stil.

Gøyalt fòrstoff inni, trådsneller i lange baner.

Den andre veska er sydd i bomullstoff, kjøpt på Fantasi. Hanker i metervis frå Stoff og Stil.

Her er nokre større utgåver av veskekorga. Eg syns det orginale mønsteret

gav ei litt lita håndarbeidsveske, men supert mønster å sy etter.

To av dei er sydd i møbelstoff og eit i vanleg bomullstoff.

Pynta med blonder, knappar, brikke, strykebilde. Dei blei godt mottatt av

damene som fekk dei.

Kjole og hue strikka i Kitten Mohair. Blir varm og god til hausten og passar

fint til vesle tausa som likar å pynte seg i kjole.

Veske sydd etter mønster frå siste My Qulit.

Sydd av stoff som eg hadde i hylla + eit frå Fantasi. Kjøper litt her og der, når ein er ute på tur.

Frisk i fargane. Eg bruka trykknapp, der det skulle vera borrelås.

Skjønte ikkje heilt oppskrifta der, men greit å "lesa" etter bilda. Funkar fint.

Teppe sydd av berre stripesett og eit motivstoff. Pynta med blonde kjøpt på Fantasi.

Lukkekanten er og av stripesett, dobbel slik at den blir stødig og enkel åsy på.

Fleece på baksida.

Dette er eit teppe som skal sendast til, Teppe som varmer. Vi er ei lita gruppe

med damer som held på med eit prosjekt der.

Vil nok ta si tid,men vi blir nok raskare når hausten kjem, med meir innetid.

 

2 kommentarer

lisarorvik

01.07.2016 kl.10:52

Så mye fint :)

Snippen

01.07.2016 kl.11:10

Så fint :D Ønsker deg en god helg! Feel free til å ta en titt innom bloggen min og følge den :)

Skriv en ny kommentar

hits