1. februar 2016

Etter jul har eg vore så heldig å vore med på eit kurs med Anne Beier Finnestad.

Denne duken laga eg på det kurset. Var veldig skeptisk då eg starta, men resultatet 

er eg veldig fornøgd med.

Applikasjon, maling og frihåndsquilting.


Starta på denne toalettveska før jul, men blei ikkje ferdig.

No har eg applikert på den og pynta med knappar. Sydd i eit dress/skjørtestoff.


Baksida ser slik ut. Må vel bli ein musiker som får denne.

Quilta etter stripene i stoffet.


Her skal de få sjå bildet eg laga på kurset med Anne 'Beier Finnestad.

Skal ha det opp på eit lerret. Er bestilt, så eg håper det kjem snart.


Pute etter inspirasjon frå Anne Beier Finnestad kurset. Det er berre fanatasien som sette grenser.


To mugrugs og ein sminkepung sydd etter quilt as you go prinsippet.

Sminkepungen vrangsydde eg med fòret der glidelåsen skulle setjast i,

då slepp ein skråband. 

Mugrugsane vrangsydde eg og med fòret og sydde ei stikning rundt. Pynta

med applikerte sommarfuglar.

 


Sminkepunger blir det mange av. desse er bestilt så her blir nok nokre jenter veldig glade.

Sydd i stoff frå Fantasi og ei gamal dongerybukse.





Baksida på sminkepungen i dongery ser slik ut.

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

hits