17. juli 2015 Sommaren er kort, det meste regner bort...........

.......og då er det kjekt å ha ein hobby, som du blir i  godt humør av.

Decoupage på møbelstoff. Pynta med band og blonder.



Her er første gang eg prøver decoupage på møbelstoff. Litt mørkt, men ein fin gåvepose.

Fòra med eit blomstrete stoff og vattert med platevatt.

Pynta med ei rosa/cerise kroklisse.





Så har eg prøve med decoupage på skinn. Eg har igjen å stryke og sy med

knappholsting rundt kanten. Kanskje det blir litt mindre skin i dei då???

Ugler i mosen???

Eg måtte berre prøve på semska, imitert skinn,og. Kanskje det blir til noko etter kvart??

Denne hjertemugrugsen syns eg blei kjempefin. Må sjå om eg får tak i ein

slik serviett til, for eg skulle absolutt hatt fleire av denne.

Som de ser er dette skinn. Møbelsinn. Litt tjukt ,så lite brukande til noko anna.

Trur kanskje det er best å bruke servietter i same fargen som skinnet. Her på det prøvast meir.



Her er baksida på putene. Dette er og møbelstoff, så eg har fått brukt litt av haugen eg har.

Men det kjem stadig meir.

Sette glidelås i her, for stoffet nede er eit stoff frå same møbelstoffserien.



Nokre mugrugs til. Her har eg brukt skinn og stoff.



Denne sminkepungen har eg klipt ut for lenge siden, men gjekk tom for skråband. 

Så no har eg laga den ferdig og pynta den med skinnhjerter og ei rose av resten

av glidelåset. Liten knapp i midten.

Sminkenpungen har eg sydd av ei veske eg fekk av ei veninne. 

Så denne er gjenbruk, sjølv om gullveska aldri har vore i bruk.

Ha forsatt god sommar!:)

Én kommentar

08.08.2015 kl.08:56

Her var det mykje fint. Du har no vore flittig i sommar. ( Fint syveir)

Skriv en ny kommentar

hits