3. juni 2015.

I det siste har eg fått gjort ferdig ei del påbegynte arbeid, slik som denne sminkepungen.

Blir nok ei eksamensgåve til ei kjekke jente:)


Så har eg fått sydd ferdig nier blokk teppe, nr 2. Trengs visst  tepper i dette veret,

når ein skal kose seg inne.

Her måtte eg bruka grøne stoff i tillegg til dei rosa. Det minkar faktisk  i stoffa mine

på syrommet .

9-patch disepearing er det vel denne teknikken heiter. Kjekk å sy.


Og endeleg har eg sydd meg sekk, etter Bente Malm sitt mønster.

Her har eg brukt immitert skinn, bomullstoff og faktisk har eg linstoff inni sekken som fòr.

Og no har eg fått bestilling av ein slik sekk, som skal syast i dongery. 

Det kan bli spennande.


Ryggsekk, sydd iav dongerybukser og mønsteret er engelsk.

Blei ein litt mindre sekk dette, men fin når ein vil ha sekk, istadenfor handveske.


Toalettvekse sydd etter AnnaKa sitt mønster.

Grei å sy. Den er til prosjektet Søster for Søster.

Rester av bomullstoff , knappar og blonder, eit fansy bilde, som får deg i godt humør.


Her ser dåke baksida og den laga eg etter stoffstrimler, frå restehaugen. 

Utruleg kva ein kan sy avrestar og dei tek iallefall ikkje slutt.

Pynta med knappar, blonde og ein bit frå ein rosa hekleduk.

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

hits