20. april- ein flott solskinnsdag

Om ikkje det har blitt så mykje sying i det siste, så har eg nok fått ferdig denne

genseren til Emily.

Strikka i babyull og mønster frå bladet Familien.


Hermine har fått seg Karstein og Petra kjole. Blir nok god og varm til hausten.

 

Så har eg prøvd meg på ei veske til, etter å ha gått på kurs med Brita Rundgren.

Denne er sydd i skinn og eit lekkert linstoff frå Trapp ned.

Var ikkje så enkelt å sy i skinnet, sjølv om eg hadde stroke vliselin på baksida.

Men sluttresultatet blei ok.


Baksida på veska ser slik ut.


Endene på veska er slik, og er ein veldig god avslutning.




Så fekk eg nokre bestillingar på hjerte mug rugs i skinn. Og då eg var i gang,

dette var gøy, for dette gjekk fort, fann eg fram mykje av det tjukke skinnet som

ikkje egnar seg til anna enn dette. Skulle eg sy i det, blei det veldig tjukke saumar.

Så det blir nok fleire mug rugs i skinn med kvart.

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

hits