Lita toalettveske ,Lise Bergene mønster.



Endå ei dongerybukse har eg klipt sund og fått nytta. Denne gangen ei svart ei.

Enkel quilting, rette saumar og grønn sytråd er brukt her. Lommene var så kule i seg sjølv og 

dei måtte eg berre bruka, sjølv om eg klipte av den eine.

Ellers blei det berre litt merkelapper på denne veska, men med eit kult kraftig bomullsstoff,

millitært sådan og kjøpt i Bardu, då eg var der i sommar. Også lukkekanten er av same stoffet.

Denne veska er litt ekstra forseggjort inni, med lukkekant over saumane. Skal prøva å sy den litt annleis neste gong.

Ein prøver litt forskjellig, og ikkje alltid like fornøgd, men resultatet blei bra det.

 

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

hits