Annaka sitt nyaste mønster på sminkepung

Ja, her er ein fin og enkel sminkepung. Kjapp og sy. Her har eg endeleg fått prøvd glidelås med blondekantar og metervis. Med litt hjelp frå Janne fekk eg glidelåsen både til å gå opp og igjen. Alt ein ikkje har prøvd før, kan vera litt vrient i starten, men no har eg fått ein god teknikk  til å setja låsen på. Eg bruka platevatt i denne, men stitchery vatt er visst tingen. Eg syns det gjekk greit, men eg tok å quilta stoffet og vatten saman med ei fin blomsterbord eg har på maskina mi. Og øverst blei det små nusselige pusekattar. Flott å få brukt opp siste rest av dette stoffet,og.

2 kommentarer

Elin

02.mar.2012 kl.22:52

Fine ting du lagar. Eg blir litt nyskjerrig på hekladuken under, har du laga han sjølv?

Liv

04.mar.2012 kl.21:13

Nei, hekladuken er det mamma som hekla til med, då eg fyllte tretti år. Og det er lenge sidan. Den ligge nesten alltid på bordet. Eg er veldig glad i den.

Skriv en ny kommentar

Kategorier

Arkiv

hits