Cupcakes

Dette bildet med cupcakes er også eit av jentene i Sygruppa Zting som har laga. Eg syns det er kjempefint. Blir spennnande å sjå, når det er heilt ferdig med knapper og lukkekant.

Nytt frå sygruppa, Zting.



Her kjem ein smakebit frå det jentene i sygruppa "Zting" har laga i år. Selskapsveske frå mønster i bok, Made by me, brikker med angelina, toalettvesker, gryteklutar med applikasjon, lommebøker og mykje , mykje meir. Dei er kjempeflinke og ivrige på sykveldane/helgen våre. Ein flott gjeng jenter å vera i lag med.



13.05.2012



Her har eg sydd klede til barbiedukka til Sunniva. Eg strikka og ein gensar og ei hue og sydde selskapsveske i ein rest frå krympestoffkorga mi. Skjørtet har og eit lite felt av krympestoff og selskapstoppen er i krykpestoff. Det andre kleda er sydd i dongery. No ønska ho seg ein ryggsekk til barbiedukka si, så kanskje ein dag eg får ånden, blir den laga.

Baby smikker

Hermine ete graut, som smakar visst fortreffeleg. Sjølvsagt måtte mormor sy og sende nokre smikker. Desse er laga enkelt i bomullsstoff med vatt i mellom og vrangsydd i kantane, utanom halsringninga. Her sette eg på skåbånd. Ellers quilta eg med mønsterborder frå symaskina, bølger i rettsaum på den eine. Applikasjon og symerke er prikken over i,en. (det var vanskeleg å få lasta opp bilder i kveld, så eg droppar dei siste innslaga til ein kveld seinare.)

Mobilveske.

Får ein seg ny mobil, så må det syast ei mobilvekse. Her har eg brukt restar av krympestoff og innlegg inni er frå eit møbelputetrekk. Veldig stødig og bedre enn plattevatt.

Festdrakt klar til 17.mai.

Om ikkje det har blitt så sydd så mykje lappeteknikk i det siste, så har eg no montert ei slik festdrakt. Dama blir fin 17. mai..

Toalettveske i krympestoff

Denne veka har eg sydd denne toalettveska. Den er laga av dongery, som eg har laga om til krympestoff. Dette er kjempegøy og gir ein flott effekt på stoffa. Du må ha eit stoff,kva det heiter eigentleg hugsar eg ikkje, men er å få kjøpt i quiltebutikkar og eg spør alltid etter krympestoff. Dette legg du under hovudstoffet og her har eg frihåndsquilta, men du kan sy stoffa saman slik du sjølv ynskjer. Eg stryk som regel på baksida(på det kvite stoffet), då får eg den beste effekten. Dette er ei smaksak. Oppe på veska har eg brukt linstoff og sett på glidelåset på same måte, som Annaka sin sminkepung. Dette er ein veldig grei måte, får då får du foret med, og avsluttar inni veska med ein lukkekant. Utanpå veska har eg pynta med eit hjerte i restar frå eit anna krympestoff. Blomst i tyll frå Stoff og Stil. Ein liten hekla julepynt kjøpt på loppis. Knappar frå Stoff og Stil, der eg sydde ein "frynseblonderest "under. Som dåke ser, kan alt brukast. Lomma frå buksa klipte eg ut med ein ekstra kant, for å få brukt den slik den var på buksa. Også endane på glidelåsen er av krympestoff. Eit lite ekstra tips: glidelåsen pynta eg med ein smal blonde, før eg sydde den på veska. Kjempelurt, når ein ikkje har meir metervis glidelås igjen og så får ein brukt det ein har.

Toalettveske/sminkepung

Ja, dette mønsteret til Annka, var det mange som kjøpte på klubbkvelden, då vi hadde besøk av Primula frå Eid.

Eg måtte ein snartur til Eid ein dag og rakk såvidt innom butikken der, men tid nok til å snopa meg dette gøyale stoffet. Pynta veska med ein megastor knapp, kjøpt på Stoff og Stil og tå små søte knappar, kjøpt med Daiva på Sandane. På knappane står det på den eine " søte" og den andre" diva". Gøy og rask å sy og ein flott måte å sy glidelås i. Så då var den bursdagsgåva i boks.

Log cabin løpare.

No har eg starta med å sy ferdig ein del ufoar. Desse løparane blei til av log cabin blokker, sydd for evighetar sidan. Eg hrt laga dei todelt, dvs. eine sida svart og ei kvit. Eg bruka linstoff til dette. Syns dei blei litt artige og noko anna enn det alle andre har.

Årsmøtet i Quilteforbundet

Helga 16-19. mars var det årsmøtee i Quilteforbundet i Bergen.

Eg var ein tur innom, men var ikkje med på kurs. Eg var på foredrag og gjekk litt å kika i butikkane. Kjøpye bittelitt stoff og nokre mønster. Skal bli kjekt å sy, berre eg får tida.

Desse sirklane dåke ser var utstilt her og den til høgre er min. Circles of Freiends heiter konkurransen eg var med på. Gøy å sjå sitt eige produkt på utstilling.


Litt reklame av forskjelleg slag, fekk vi,og, slik som denne fingerbølla.Artig suvenie.

Les mer i arkivet » Mai 2012 » Mars 2012 » Februar 2012
hits